vektløftarane

Picasa

Norske rekordar og EM-uttak

Julia Jordanger Loen imponerte med norske rekordar og EM-uttak under senior-NM i vektløfting i helga

Julia sette norske rekordar både i rykk, støt og samanlagt for ungdom og junior klasse 59kg. Dette ga ho bronsemedalje i senior-NM, samtidig som ho kvalifiserte seg for U17-EM i Romania til hausten. Vi gratulerer!

Robert Andre Moldestad deltok og i senior-NM. På tross av sykdomsproblem i oppkøyringa klarte han ein solid 5.plass i si klasse.

På resultatlistene finn vi og tidlegare Firda-elev Peter Wilke som tok bronsemedalje i menn 89kg. Bjarne Bergheim, som vi leiger inn som lærar for våre vektløftarar, tok ein 8.plass i menn 81kg.

Tips ein ven Skriv ut