DSC05420

Nye elevar på Firda

Det er tid for inntak og vi ønskjer nye elevar velkomen til Firda vgs. Her finn de litt praktisk informasjon som kan kome til nytte.

Straks inntaket er offentleg sender skulen ut eit informasjonsbrev til alle nye elevar. Vi ber dykk lese dette grundig, fylle ut alle svarskjema og returnere til skulen så raskt som muleg. Vi er avhengig av å få på plass informasjon om nye elevar før skulestart for å kunne planlegge mest muleg.

Vi legg ut ei liste over ledige hyblar for å gjere det litt enklare for nye elevar å finne seg hybel. Denne fila er passordbeskytta. Passordet finner de i informasjonsbrevet vi sender ut. Lista finn de her.

Alle elevar i vidaregåande skule skal ha pc til bruk i undervisninga. Fylkeskommunen har ei god ordning for kjøp av elev-pc. Alle nye elevar i vgs skal ha fått eit informasjonsbrev om dette. Du finn meir informasjon om elev-pcordninga her.

Bruk gjerne litt tid på å sjå gjennom nettsida vår, spesielt praktisk informasjon under Elevar og føresette. Vi vil legge ut meir informasjon fram mot skulestart, så det kan vere lurt å sjekke nettsida gjennom sommaren.

Vi ønskjer alle ein riktig god sommar og vel møtt i august.

Tips ein ven Skriv ut