Hopp til hovedinnhold

Musikal 2023

plakat av Dantes inferno

Årets musikal frå musikk, dans og drama. Fredag 17. februar kl. 19.00 Laurdag 18. februar kl 18.00

Dantes inferno

Kva er vi i stand til å gjere mot kvarandre, og kva gjer at vi handlar som vi gjer? Er vondskap berre dei andre? Kvifor har vi eit behov for å straffe? Og - hjelper det? 

I årets musikal følgjer vi Dante på hans vandring gjennom helvete. Han har mista fotfestet i livet og er fallen ned i avgrunnen, han er fanga i ein mellomtilstand: Er han død eller levande? Helvete er bygd opp av ulike sirklar, og Dante følgjer desse sirklane ned til Jorda sitt indre. Syndene og straffene blir grovare og grovare jo lengre ned vi kjem. Kva skjuler seg heilt der nede, i kjernen? 

I år har vi valt å gjere ein adaptasjon av Dante Alighieri (1265-1321) sin første del av Den guddommelege komedie; Helvete. Diktet var i si samtid både ein krass kritikk av kyrkja og av samtidige politikarar. I vår tolking har vi lagt vekt på den menneskelege naturen! Verket har i denne prosessen opna opp for spørsmål som: Kvar finn vi straff og tilgjeving i vårt eige samfunn? Kva er rett og kva er rettferdig? Er vi berre våre handlingar? 

Dante Alighieri sitt grusomme og fantasifulle univers har opna opp for å leike med visuelle og auditive verkemiddel, og lagt til rette for å lage eit ensembleverk i stor skala. Musikken spenner frå improvisert samtidsmusikk til populærmusikk. Vi har hatt stor glede av å utforske korleis vi kan fortelje historia om Dante, som også er ei historie om meg og deg, om oss.

Basert på Inferno av Dante Alighieri. 

Konsept/manus/regi: Ingeborg Stige.

Konsept/arrangement/musikalsk leiing: Olai Førsund

Koreografi/ensembleleiing: Åshild Lerpold, Helena Heggli Walseth, Judith Karin Bakketun.

Billettar fredag finn du her 

Billettar laurdag finn du her