Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring ved Firda vgs.

Tannlege demonstrerar riktig tannpuss for pasient.

Er du over 24 år.....

Vaksenopplæring

 

Er du over 24 år … 

  • Manglar du formell kompetanse og har eit ønskje om å få det?
  • Er du motivert for nye utfordringar og har eit ønskje om ny fagutdanning?

 

Skuleåret 2023/24 har Nettskulen Vestland opplæringstilbod for vaksne innan utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag i desse faga:

  • Helsearbeidarfag
  • Tannhelsesekretær
  • Apotekteknikk

Opplæringa vert levert av Firda vidaregåande skule. 

 

Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert. Ein må også rekne med nokon fysiske samlingar i løpet av skuleåret. I tillegg vil ein del av opplæringa foregå i bedrift.

 

Viktigaste av alt: opplæringa skal bygge på den kompetansen du allereie har (formell og uformell kompetanse). Du kan be om ei realkompetansevurdering når du søkjer om plass. Ei realkompetansevurdering kan vere med å tilpasse og avkorte opplæringstilbodet.

 

Vil du vite meir om tilboda? Ta konktakt med Anette Aske Sollid, tlf. 415 30 633

Treng du hjelp til å søkje? Kontakt Vestland fylkeskommune, Rettleiingstenesta  for ditt område, eller søk på https://www.vigo.no/nyvigo/vigo/adult

 

Søknadsfrist: 1.mars. For ytterlegare informasjon https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/slik-soker-du/