Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Open kveld

10. januar 2020

Onsdag 22. januar ønskjer vi nye elevar og føresette velkommen til Open dag på Firda vgs. Her vil du få møte elevar, lærarar og leiinga ved skulen, du kan stille spørsmål og få omvisning på dei ulike avdelingane. Meir informasjon om kvelden finn du her.

Nyheit ny logo Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

18. desember 2019

Torsdag 9. januar kl 10.00 - 11.30 markerer vi overgangen til nye Vestland fylkeskommune. Det blir ei felles markering av Vestland fylke på alle dei vidaregåande skulane i det nye storfylket. Det blir talar, kake og underhaldning. Meir detaljar om programmet kjem etter jul.

UDIR logo

Elevundersøkinga 2019

27. oktober 2019

Firda vgs gjennomfører elevundersøkinga for alle elevar i haust. Her finn de informasjon til føresette om undersøkinga.

Desemberbilde frå Firda vgs

God jul og god nytt år!

18. desember 2019

Firda vgs vil ønskje elevar og tilsette ei riktig god jul og godt nytt år! Siste skuledag før jul er fredag 20. desember. Første skuledag etter jul er måndag 6. januar. Lærarane har planleggingsdag med nettverkssamlingar fredag 3. januar.

helsefag for framandspråklege

God på integrering

18. desember 2019

I følgje statistisk sentralbyrå er Sogn og Fjordane blant dei beste i landet til å sette flyktningar inn i arbeid eller utdanning. Over 70% av dei som har vore i introduksjonsprogrammet er i jobb eller utdanning i 2017. Fylket når med dette målet til regjeringa. Ved Firda vgs har vi følgjane utdanningsprogram for vaksne minoritetsspråklege: helsefagarbeidar, tannhelsesekretær, betongarbeidar og polymerkomposittarbeidar. Les meir om våre utdanningsprogram her.

Dans på skråscene ved Firda vgs

Spektakulær danseframsyning

03. oktober 2019

8 november viste danselinja ei spektakulær danseforestilling. Elevane på dans gjennomførde ulike dansar på ei spesiallaga skråscene med 34 graders helling i Aulaen. Danseframsyninga heiter Grep, og her måtte elevane jobbe med tyngekrafta på ulike måtar. 

Adventskonsert 2019

Adventskonsert fredag 6. des

20. november 2019

Fredag 6. des kl 19.00 arrangerer musikklinja sin årelege adventskonsert i Vereide kyrkje. Billettar kan kjøpast på trivselshagen.no.

Bilde av Firda vgs sine skulebygg med Gamlebygget og Trivselshagen

Godt nytt år

23. desember 2017

Vi håper alle har hatt ei god jul og er klare for å ta tak i skulearbeidet igjen. Velkomen tilbake til Firda vgs

Firda vgs

Ledig stilling

07. oktober 2019

Skulen har ledig 100 % fast stilling som konsulent/administrasjonsmedarbeidar frå 01.03.2020

Haustfest 2018

Haustfest for vg2

03. oktober 2019

Fredag 25. oktober kl 19.00 inviterer elevane på vg2 til haustfest for familie og venner. Det blir underhaldning, mat og dans. Billettar kan kjøpast på trivselshagen.no. Bruke koden Haust19 ved kjøp av billettar.