NCMT

Nytt og spennande prosjekt

Våre gode samarbeidspartnarar Strukturplast og Brødrene Aa er blant initativtakarane bak næringsklynga NCMT, Norsk senter for materialteknologi, med base på Sandane. Firda vgs deltek som støttemedlem og er delaktige i fleire arbeidsgrupper knytt til klynga sitt arbeid. Med deltaking i NCMT har vi eit grunnlag for enda tettare samarbeid med næringslivet i spennande prosesser knytt til vidare utvikling av denne næringa.

Gjennom deltaking i klyngesamarbeidet ønskjer vi å knytte undervisninga opp i mot reelle utfordringar og caser næringa sitter med, både no og for framtidas løysingar. Elevane våre vil og få mulegheiter til å bli betre kjend med næringslivet og sjå utdannings- og karrieremulegheiter innafor fleire fagområde. Spesielt interessant kan dette bli for dei som ønskjer å gå ingeniørvegen, men også klima og miljøklassa vil få mulegheit til å jobbe direkte inn mot ei næring som no arbeider bevisst med det grøne skiftet.

Her kan de lese meir om NCMT:
https://www.plastforum.no/article/view/717734/etablererer_tverrfaglig_plastklynge_for_fremtidens_teknologi