Firda vgs

Firda vgs

Om inntaksreglar og nærskulepoeng

Vi får mange spørsmål til skulen om søking og nærskulepoeng. Her har vi samla litt informasjon rundt inntaksreglane som gjeld i år.

 

 

I søkjarhandboka til Vestland fylke finn du all informasjon om søking til vidaregåande opplæring. 

Her blir og prinsippet om nærskulepoeng omtalt og forklart. Det er viktig å merke seg at i utgangspunktet har alle elevar i Vestland fylkeskommune fritt skuleval. Nærskulepoeng kjem som eit tillegg til dette for å sikre at elevar skal få plass på sine lokale skuler, men alle kan søkje på den skulen dei ønskjer. Firda vgs har tradisjonelt mange søkjarar frå heile gamle Sogn og Fjordane, og det er viktig for oss å poengtere at alle som ønskjer å gå på Firda framleis kan søke skuleplass hos oss, sjølv om de ikkje får nærskulepoeng. Det betyr berre at de konkurrerar om ledige plassar etter at elevar med nærskulepoeng har fått sine plassar. 

Det er og verdt å merke seg at om din(e) nærskular ikkje tilbyr det utdanningsprogrammet du ønskjer, så vil du få nærskulepoeng til det utdanningsprogrammet ved alle dei andre skulane som tilbyr dette.

Moglegheit for tilleggspoeng ved søking til vg1 Idrettsfag

Inntaksforskrifta opnar for at ein kan ta inn inntil 50% av primærsøkjarane (dei som har dette som førsteval) på bakgrunn av idrettslege kriteriar. Alle som har idrettsfag på Firda vgs som førsteval får tilsendt eit brev med meir informasjon om dette når skulen får søkjarlistene. Ein vil kunne få 3, 5 eller 7 tilleggspoeng ut ifrå dokumenterte idrettslege prestasjonar, avhengig av på kva nivå ein er som utøvar. Meir informasjon om dette kjem i brevet skulen sender ut til alle primærsøkjarane.

 

Moglegheit for tilleggspoeng ved søking til vg1 Musikk, dans, drama

Inntaksforskrifta opnar for at ein kan ta inn inntil 50% av primærsøkjarane (dei som har dette som førsteval) på bakgrunn av ferdigheiter også når det gjeld musikk, dans og drama. Alle som har ei av disse utdanningsprogramma på Firda vgs som førsteval får tilsendt eit brev med meir informasjon om dette når skulen får søkjarlistene. Ein vil kunne få 3, 7 eller 9 tilleggspoeng ut ifrå ei opptaksprøve, avhengig av på kva nivå ein er som utøvar. Meir informasjon om opptaksprøva kjem i brevet skulen sender ut til alle primærsøkjarane.

Har de spørsmål omkring søking og tilbodet til Firda vgs kan de ta kontakt med skulen