
Open dag ved Firda vgs
Tysdag 29.januar inviterte Firda vgs til open kveld for aktuelle søkjarar.
Program for kvelden:
Tysdag 29.januar er de hjarteleg velkomne til Firda vgs. Vi inviterer til møte med elevar og tilsette ved skulen slik at du som er aktuell elev og foreldra dine skal få høve til å bli betre kjent med oss og dei tilboda vi har.
Programmet for dagen vert slik:
kl 18.00-19.00: Program og informasjon ved elevar og tilsette i Kultursalen
Lenke til presentasjon av det vidaregåande tilbodet i Nordfjord
kl 19.00-21.00: Omvisning i dei ulike avdelingane på skulen. Her vert det høve til å treffe elevar og tilsette frå dei ulike utdanningsprogramma ved skulen. Det vert og høve til å vere med på ulike aktivitetar.
kl 20.00-21.00: Kveldsmat og sosialt samvær på open skule
Velkomen til Firda!