DSC05420

Opning av skulen

Det er gledeleg å kunne melde at tida er inne for å opne skulen igjen. Frå komande veke ynskjer vi elevar og tilsette velkomne tilbake til meir normal kvardag. Vi er mange som no ser fram til å kunne møtast i klasserommet, på skuleplassen, open skule, idrettshall, øvingsrom osb. Samstundes som skulane opnar igjen, må vi framleis ta omsyn til at smitten fins i samfunnet, og regjeringa har laga rammer for korleis vi skal organisere kvardagen når vi  startar opp. Dette er formulert i retningsliner som de finn på heimesida til UDIR, udir.no. Legg og ved lenke til smittevern rettleiaren: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/ungdomsskole-vgo/ .

Ei av utfordringane våre er at alle skal halde 1 meter avstand. For å få det til må fleire klasser ha dobbelt sett med klasserom. Planen vår for komande veke er difor å starte trinnvis, vg1 på måndag, vg3 tysdag og v2 onsdag. Torsdag og fredag er det fagdagar. Vi kjem tilbake med meir informasjon om kven som skal møte på skulen desse dagane. Målet er at alle skal ha minst 2 dagar på skulen i løpet av veka. Dei som ikkje skal møte fysisk på skulen, møter til nettundervisning etter gjeldande timeplan ( timeplan finn de i teams ). Etter så mange veker utan at det har vore mogeleg å møtast, er vi opptekne av å prioritere det sosiale. Vi kjem difor til å ha ope på open skule tysdag, onsdag og torsdag denne veka. Det er viktig at vi framover alle er med og bidreg til å hindre spreiing av smitte ved å følgje rettleiaren. Det er særleg viktig med god handhygiene, halde avstand og ikkje komme på skulen dersom ein er sjuk. Dette gjeld ikkje berre på skulen, men overalt der vi ferdast, og på hybelen. Vi veit at det er mange som gler seg til å møtast både på hybelen og elles. Det er viktig at hybellivet og tar omsyn til reglane som gjeld i samfunnet i denne tida.

Det har vore ei heilt spesiell tid. Det var ingen som såg føre seg denne situasjonen i starten av mars. Eg har hatt fleire møter med elevråd og personalet i denne tida. Tilbakemeldingane som eg har fått er at det har gått bra og det er imponerande korleis alle har snudd seg rundt og klart å innstille seg på heimeskule og heimekontor. Takk til alle for stor vilje til å finne løysingar og for stor innsats for å få heimeskulen til å fungere. Vi går no over i ny fase med både heimeskule og fysisk frammøte på skulen. Den nye situasjonen vil og komme til å by på utfordringar. Frå skulen si side vil vi fortsatt gjere det vi kan for at dei siste dagane av dette skuleåret kan bli ein god periode for læringsarbeidet, men kanskje viktigast for det sosiale og kjenne på at vi høyrer i lag.

Velkomen tilbake til Firda, vi gler oss.