Firda vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta (OT) arbeidar for at ungdom skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Her kan du få utdannings- og yrkesrettleiing viss du har behov for det. 

OT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Alternativ opplæring

I tillegg til ordinære treårige skuletilbod på ulike studieretningar kan Firda vgs og gje tilbod om:

  • Utvida opplæringstid (inntil fem år)
  • Redusert fagkrins
  • Kombinasjonar skule - arbeid
  • Opplæring etter individuelle læreplanar = spesielle opplegg tilpassa einskild-elevar sine behov

Slike ordningar som er nemnde ovanfor, kan setjast i verk dersom det ligg føre sakkunnig tilråding, t.d. frå Pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT).

For nærare informasjon: Kontakt rådgjevar.