Opptaksprøve drama

Dersom det er stor søknad til linja, vil det bli arrangert ei frivilleg opptaksprøve. Tilbodet går til primærsøkarane.

Slik foregår opptaksprøva: 

Praktisk økt:

  • 90 minutt saman med dei andre søkarane der ein gjennomfører ein dramatime med vekt på leik, improvisasjon og samspel. 

Samtale:

  • Førebudd individuell motivasjonssamtale
  • Søkjaren førebur seg skriftleg på føljande spørsmål:  
    1. Kvifor ynskjer du å gå på dramalina?  
    2. Har du erfaringar med teaterarbeid frå før? Fortel om desse. 
    3. Kva forventar du å lære og erfare medan du går dramalina?
    4. Kva for eigenskapar har du som du trur kan vere gode å ha i teaterfaga? Kva for eigenskapar har du evt. lyst til å få utvikle vidare? 

Desse spørsmåla skal svarast på skriftleg og sendast skriftleg per e-post før opptaksprøvedagen. Svara er utgangspunkt for samtalen. 

Velkomen som søkjar hos oss på dramalinja! 

Frist for å søkje: 1. mars

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven