Opptaksprøve musikk

Søkje på musikk:

Inntak til musikk, dans og drama skjer på grunnlag av poengsummen frå ungdomsskulen. Det er mogleg å få ytterlegare poeng gjennom dei frivillige opptaksprøvene som vert arrangert på våren. Søkninga har tradisjonelt vært høg til musikk, med ventelister. Vi kan likevel ikkje vite på førehand noko om karaktersnitt då det er varierande kor mange som søkjer musikk kvart år.

Om du søkjer Musikk som førsteval i Vigo må du krysse av for om du ønsker å delta på opptaksprøvene eller ikkje. Dersom du vel å delta får du tilsendt et tidspunkt kor du skal møte opp, og ei lenke til et svarskjema som du må fylle ut før prøvene. Opptaksprøva er frivilleg, men det er viktig å poengtere at den enkelte ikkje har noko å tape på å kome til opptaksprøve. Dersom skulen opplever deg som spesielt talentfull, så kan dei gi deg nokre eller mange ekstrapoeng. 

Opptaksprøve til Musikk

Prøven består av 3 deler:    

  • Spel / song på hovudinstrumentet (+ eventuelle biinstrument)
    • Du får 5 til 8 minutt til å framføre sjølvvald stoff.  Vel eit repertoar som viser kor langt du er komen i utviklinga på instrumentet ditt. Om du treng nokon til å akkompagnere deg må du skaffe det sjølv.
  • Teori og gehørprøve
    • Denne vert gjennomført i klasse og ein skal svare skriftleg på enkle teorispørsmål og enkle lytteoppgåver.
  • Samtale
    • Skulen ønskjer ein samtale med deg der du seier noko om mål og motivasjon for å gå på musikk

Velkomen som søkjar hos oss på musikklinja! 

Frist for å søkje: 1. mars

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut