Firda vidaregåande skule
Bilde av Firda vgs sine skulebygg med Gamlebygget og Trivselshagen

Påskehelsing frå rektor

Det har vore tre underlege veker her ved Firda vgs. Skulebygga har vore stengt, samtidig har det vore gjennomført undervisning i alle fag frå heimekontor. Elevar rundt om i heile fylket har jobba så godt dei kan frå heimar og hyblar for å gjennomføre opplegg og oppgåver som er lagt ut. Det har vore  ei bratt læringskurve for mange, men med stor innsats, godt humør og velvilje så ser det ut som at dette har gått bra. Eg har hatt fleire møte med personalet, styret for elevrådet og med skulemiljøutvalet i denne tida. Tilbakemeldingane er at det i all hovudsak har fungert, elevane har jobba godt og lærarane har stått på for å tenkje nytt rundt arbeidsmåtar og skulearbeid.

Vi har i alt dette opplevd at det er mogeleg å ha kontakt og å vere sosial i det digitale rom, men samtidig er det ikkje det same som å kunne møtest på klasserommet, i kantina, på open skule eller på hybelen og kunne gje kvarandre ein god klem og prate i lag. Det er mange som no ynskjer seg tilbake til skulen og til fellesskapet med kvarandre. Vi håper at det etter kvart vert mogeleg.

Det vi veit pr. no er at skulane er stengt til og med 13. april. Meldinga frå styresmaktene er at avgjerdene om nye tiltak kjem tysdag eller onsdag i komande veke. Vi som er rektorar i Vestland fylke skal ha rektormøte onsdag 08.04. På dette møtet vert det gitt informasjon om korleis situasjonen vert framover. Vi håpar sjølvsagt på at skulane skal kunne opne og at det igjen blir liv i romma her, men som sagt vi må vente og sjå. Informasjon vil komme på teams og på heimesida

Med dette vil eg ynskje elevar, tilsett og føresett riktig GOD PÅSKE.  

Helsing Hallgeir