Firda vidaregåande skule
Hovudutval for opplæring

Hovudutval for opplæring

Pressemelding om fråvær

Obligatorisk kurs i glattkøyring, langkøyring og oppkøyring til førarprøva skal ikkje reknast opp mot 10%-grensa for fråvær i fag.

Pressemelding

Den nye fråværsgrensa for vidaregåande opplæring har skapt stor merksemd.  Mellom anna har det vore diskusjonar knytt til køyreopplæring og  krav til helsedokumentasjon for elevar som har nådd 10%-grensa for fråvær for å få karakter i faget.

Hovudutval for opplæring er oppteken av likebehandling  for alle elevar i samband med praktiseringa av 10% fråværsregelen. Utvalet vedtok revidert fråværsreglement for elevar i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane på møtet på Årdal vidaregåande skule  torsdag 31.08.16.

Hovudval for opplæring vedtok at obligatorisk kurs i glattkjøring, langkjøring og oppkøyring til førarprøva er ein lokal velferdsgrunn som ikkje skal reknast opp mot 10%-grensa for fråvær for å få karakter i faget. Vidare i vedtaket står det at: for kravet til dokumentasjon må skulane utarbeide rutiner  i samarbeid  med aktuelle  samarbeidspartar.  Ein må sjå til at rutinene vert så smidige at dei ikkje belastar nokon av partane meir enn nødvendig.  Fylkesdirektøren for opplæring skal sjå til at reglane vert praktisert likt mellom skulane.

I siste punkt i vedtaket blir  leiar i hovudutvalet, Karianne Torvanger, i samråd med fylkesordførar og elevorganisasjonen,  beden om å orientere Stortinget sin utdanningskomité  om dei praktiske følgjene (vanskane)av  det nye reglementet, og om det sterke behovet for meir likebehandling mellom fylka, sett i lys av lærlingordninga og innføringa av rett til fritt skulevalg  for elevar over fylkesgrensene.

Vedtaket var samrøystes vedtatt og protokoll frå møtet finn de på heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Pressemeldinga er underteikna:

Karianne Torvanger                                                                      Bekka Skaasheim

Leiar hovudutval for opplæring                                                  fylkesdirektør for opplæring


Her finn du nytt fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.
Reglementet vart vedtatt av Hovudutvalet for opplæring 31.09.2016, og reglementet gjeld frå 01.08.2016.

 

Tips ein ven Skriv ut