Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Dans/Programfag
Bilete programfag dans

Programfag dans

Undervisninga på danselinja består av teoretisk og praktisk undervisning. Den teoretiske undervisninga gir forståing og inspirasjon til det praktiske arbeidet.

Klassisk ballett

Den klassiske balletten er den eldste av dei sceniske danseformene. Den har sitt opphav frå dei italienske, franske og engelske hoffa under renessansen, og utvikla seg vidare fram mot romantikken til å få den forma vi kjenner att i dag. Typiske element som er med i denne teknikken er utoverrotasjon i hoftene (det at ein vrir beina ut frå hofteleddet for å framheve linja i foten) ein stabil og sterk overkropp og armar som er avrunda. Det vert dansa til klassisk musikk. Typiske eksempel på den klassiske dansen er ballettane Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.

Jazzdans

Jazzdansen utvikla seg i krysningspunktet mellom klassisk ballett og afrikansk dans. Difor kan vi sjå igjen arbeidet med linjer som dei er opptekne av i klassisk dans i jazz, samtidig som den har element frå afrikansk dans, spesielt når det gjeld bruk av overkropp (skyve brystkassa bak/fram/sidelengs). Jazzdansen inneheld mange ulike dansestilar, som musikal, afro, lyrisk jazz, hip-hop og stepp for å nemne nokre. Uttrykket i dansen føl ofte stemning og rytme i musikken. Musikkbruken er friare enn i klassisk, og kan være samansett av ulike sjangrar. I jazz jobbar vi med koordinasjon, bruk av dynamikk, rytmesans, fleksibilitet og personlig uttrykk.

Moderne dans / samtidsdans

Moderne dans vart utvikla som ein motreaksjon til den klassiske balletten, og arbeider difor ofte med beina i parallell og kurver framover og til sida i overkroppen. Ein står alltid på beina i klassisk ballett, medan ein i moderne dans også kan bruke ulike overflater av kroppen (rygg, overarm, underarm, hofter, bakende, bakside lår, framside lår, leggar, fotblad osb) mot golvet.Eksempel på kjente norske kompani som arbeider med moderne dans er Carte Blanche, Jo Strømgren Kompani og Panta Rei danseteater.

 

Programfag på dans

  • Danseteknikker Vg1: I danseteknikker får du undervisning i dei tre sjangrane klassisk ballett, jazzdans og moderne/samtidsdans

  • Rørsle Vg1: I faget arbeider vi med kroppsmedvit og utforsking
     
  • Dans i perspektiv Vg2/Vg3:  I dette faget får du lære om korleis du kan skape dans (koreografi), og du vil få utvikle ditt personlege uttrykk gjennom dans. I tillegg får du lære om kunst- og kulturhistorie, og dansen si utvikling gjennom tidene
     
  • Grunntrening Vg2/Vg3: I faget får du mellom anna lære om anatomi, tøying og basistrening, i tillegg til kosthold og ernæring
     
  • Scenisk dans VG2/VG3: Du får undervisning  i dei sceniske danseformene klassisk ballett, jazzdans og moderne/samtidsdans. Alle dansesjangrane vert lagt omlag lik vekt på. 
     
  • Scenisk dans fordjuping VG2/VG3: I scenisk dans fordjuping arbeider vi med koreografi til visningar, forestillingar og musikal. Innan stilartene klassisk, ballett, jazzdans, samtidsdans og hip/hop. 

 

Timar med fellesfag og programfag på danselinja

I tabellen ser du timefordelinga i dei ulike faga oppgitt i årstimar. Du finn og lenker til læreplanane for dei ulike faga.

Fag

Årstimer

Fellesfag

 VG1

VG2

VG3

Norsk

113

112

168

Engelsk

140

 

 

Matematikk: Vg1: 1P / 1T , Vg2: 2P / S1 / ( R1 = 140t)

140

84

 

Naturfag

140

 

 

Framandspråk: Nivå I / Nivå II

113

112

 

Samfunnsfag

 

84

 

Geografi

 

56

 

Historie

 

56

113

Religion og etikk

 

 

84

Programfag

 

 

 

Musikk,dans,drama

140

 

 

Rørsle

56

 

 

Danseteknikkar

140

 

 

Dans i perspektiv

 

140

140

Scenisk dans

 

140

280

Grunntrening i dans

 

56

56

Scenisk dans fordjupning

 

140

140

Sum timar pr år

982

980

981

Tips ein ven Skriv ut