Firda vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Drama/Programfag
Bilde frå framsyninga Nasjonal prøve med SOFT

Bilde frå Nasjonal prøve, eit samarbeidsprosjekt med SOFT

Programfag på drama

På dramalina jobbar vi i stor grad praktisk i dei ulike programfaga, og vi nyttar teaterproduksjon som læringsmodell. Alle tre åra vil du få vere med på større eller mindre teaterproduksjonar, der du får utforske, utvikle og produsere ulike tekstar, konsept og teaterformer.  

Teaterensemble (Vg1):

  • I dette faget vil du lære å utvikle evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du vil få  bruke og utvikle kropp, stemme og fantasi i skapande arbeid. 

Teaterproduksjon 1 og 2:

I dette faget jobbar vi med grunnleggande skodespelararbeid, og du vil bli kjend med ulike metodar for arbeid med tekst og rolle. I VG2 vil arbeidet ha fokus på ulike epokar og sjangrar, og i VG3 vil fokuset vere å eksperimentere med spelestil og sceniske virkemiddel. Kvart år samarbeidar musikk, dans og drama om ein musikal på VG3. Musikalar vi har sett opp er mellom anna Cabaret, Across the universe, Spring Awakening, Ein midtsommarnatts draum og Moulin Rouge. Skuleåret 2018/2019 set vi opp Hair! I år har vi i tillegg til musikal i VG3, hatt samarbeid med Sogn og Fjordane Teater med stykket Nasjonal prøve.

nasjonal prøve

Teaterproduksjon fordjuping 1 og 2:

  • I VG2 vil du jobbe med analyse og framføring av dramatiske tekstar. I faget vil du utforske forholdet mellom innhald og form. I dette ligg det mellom anna at du skal lære om regi, spelestil og teaterformer, i tillegg til tekniske ting som scenografi, kostymer og rekvisittar.
  • I VG3 vil arbeidet ha meir fokus på eksperimentering, og du vil få høve til å utvikle sjølvstendige uttrykk og konsept.  

Teater og rørsle:

Dette er eit fag som går over tre år, der du vil få jobbe med å utforske kropp og rørsle. Vi jobbar med grunntrening med vekt på styrke, balanse, koordinasjon, presisjon osb. Faget har som mål å fremje evne og vilje til å bruke kroppen i scenisk- og skapande arbeid. I tillegg vil du få høve til å utforske rørsle som uttrykk, der du i VG2 og VG3 vil lære meir om fysiske teatertradisjonar. Døme på dette er  mime, maskespel, klovn og scenekamp.  

Teater i perspektiv 1 og 2:

I faget Teater i perspektiv lærer du om teaterhistoria frå urteateret heilt fram til vår tid, og du vil få ei generell innføring i teaterteori og -analyse. Som ein del av faget vil vi gå og sjå profesjonelt teater for på den måten å øve opp evna til kritiske tenking. Dette vil  også gje fine opplevingar som kan gje inspirasjon til eige teaterarbeid. Du vil i tillegg lære om korleis du sjølv kan danne ei teatergruppe, korleis du skaffar midlar til prosjekt, korleis du kan drive PR osb. 

Drama og samfunn:

I faget Drama og samfunn VG3 vil du gjennom teori og praksis få innblikk i korleis ein lærer, og lære om drama som fag og pedagogisk metode. Du vil gjennom praksis i barnehage og grunnskule øve deg på å planlegge, gjennomføre og evaluere ulike undervisningsopplegg. I dette faget vil du mellom anna lære om forteljing som kunstform og pedagogisk metode. 

 

I tabellen finn du oversikt over timetal i dei ulike faga fordelt på trinn. Timetalet er oppgitt i årstimar. Du finn og lenker til læreplanane i dei ulike faga.

Fag

Årstimer

Fellesfag

 VG1

VG2

VG3

Norsk

113

112

168

Engelsk

140

 

 

Matematikk: Vg1: 1P / 1T , Vg2: 2P / S1 / ( R1 = 140t)

140

84

 

Naturfag

140

 

 

Framandspråk: Nivå I / Nivå II

113

112

 

Samfunnsfag

 

84

 

Geografi

 

56

 

Historie

 

56

113

Religion og etikk

 

 

84

Programfag

 

 

 

Musikk,dans,drama

140

 

 

Rørsle

56

 

 

Teaterensemble

140

 

 

Teater i perspektiv

 

140

140

Teaterproduksjon

 

140

140

Teater og rørsle

 

56

56

Teaterproduksjon fordjuping

 

140

140

Drama og samfunn    

140

Sum timar pr år

982

980

981

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut