Firda vidaregåande skule
Bilde av covid-19

Bilde av covid-19

Sjuk, fråvær, smittevern

Oppklaring av regelverk 

Det har vore ein del endringar i regelverket rundt fråvær i samband med sjukdom denne hausten. Det gjeld dokumentasjon og vitnemål. Bakgrunn for endringane er styresmaktene sine smittevern råd om å halde seg heime dersom ein er sjuk. Her kjem gjennomgang av gjeldande regelverk.

Dersom eleven er sjuk skal vedkomande halde seg heime. Dersom ein har vondt i halsen, hostar, vondt i hovudet eller har feber så er terskelen lav for å bli heime. Ein kan kome tilbake til skulen når ein er feberfri og føler seg friske, sjølv om ein framleis har noko restsymptom på luftsvegsinfeksjon (noko snørr, tett nase og lett hoste). Dersom du bur på hybel med nokon som er heime på grunn av karantene eller sjuk, kan du likevel gå på skulen.

For dei som er under 18 år og er heime på grunn av sjukdom kan foreldre dokumentere evt. fråvær. For dei som er over 18 år kan eleven sjølv dokumentere. Ein treng med andre ord ikkje gå til lege for dokumentasjon av helseplager. Dersom eleven har fråvær på grunn av helseplager, skal det førast fråvær på vanleg måte, men fråværet kjem ikkje på vitnemålet dersom elev legg fram bekrefting frå forelder eller eigenmelding. Dette unntaket gjeld ut skuleåret 20-21.

Vi oppfordrar samstundes elevane til å gjere sitt beste heile tida. Dersom ein elev er heime, men er så pass bra at han/ho kunne vore på skulen er det flott om vedkomande jobbar med skulearbeidet. Informasjon og opplegg for den enkelte time finn ein på one note.

Det er framleis ein stor felles dugnad for å få kvardagen til å gå opp. Her er det viktig at vi alle bidreg så godt vi kan.

Lukke til

Helsing rektor