Firda vidaregåande skule
Frukostgraut

Bildet er henta frå tine.no

Skulematundersøking

Samarbeid med FHI om å gjennomføre ei undersøking i veke 10-12.

FHI og Vestland fylkeskommune ynskjer å gjennomføre ei skulematundersøking på dei vidaregåande skulane i Vestland i veke 10, 11 eller 12 2021. Det er ei kort og enkel spørjeundersøking om mat- og måltidsvanar, trivsel, konsentrasjon, læring og sosioøkonomisk status. Undersøkinga er anonym, og det er frivillig for elevane å delta.

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse har innleia eit samarbeid med FHI om skulematundersøking og meiner det er viktig at Vestland fylkeskommune deltek i prosjektet.

Fylkesdirektøren vil bruke resultata frå forskinga i det vidare arbeidet med å gjere skulen til ein god plass å vere for alle elevar og gi dei gode føresetnader for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Sjå vedlegg for nærare informasjon til elevar og føresette. 

Informasjon om skulematundersøking.pdf