Firda vidaregåande skule
Trafikklys

Trafikklys

Skulen går tilbake til gult nivå

Endringa gjeld frå og med onsdag 20.januar

Vi har nettopp fått mld frå opplæringsdirektøren i Vestland fylke at smittevern-nivået er gult på vidaregåande skular frå og med onsdag denne veka. Med gult nivå er vi tilbake til den situasjonen vi hadde på skulen før jul. På gult nivå er det ikkje krav om 1 meter avstand innafor klassa i klasserommet. Vi kan difor samlast klassevis igjen. Viktig å merke seg at dette gjeld frå og med onsdag. Det vil sei at tysdagen går som planlagt, med digital undervisning for dei som er sett opp med dette.

Vi er allereie starta på ei veke med anna timeplan enn det vi har til vanleg. Vi har bestemt at vi held fast på denne timeplanstrukturen ut veka, men undervisninga skjer på skulen. Frå og med måndag 25.01 går vi tilbake til vanleg timeplan.

Vi inviterer og til gratis frukost onsdag og torsdag denne veka. Vi startar med graut onsdag. Eg har bestilt graut til 60 stk. Håper at mange vil nytte tilbodet. Dette var dagens gladmelding. No gler vi oss til at det blir liv og røre på skulen igjen. Velkomen tilbake til meir vanleg kvardag, ha fortsatt god dag, helsing Hallgeir