Firda vidaregåande skule
Bilde av buss henta frå firda-billag.no

Bildet er henta frå firda-billag.no

Skuleskyss dersom busstreik

Det er fare for streik i kollektivtransporten frå søndag 11.04. Dei som treng skuleskyss må vere obs på at dersom det vert busstreik, vert alle bussrutene som Firda Billag og Tide utfører i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn innstilte. Det vil berre vere ruter utført av drosje og føresette som vil gå. Drosjer i korrespondanse med buss vil ikkje bli utført.

Sjå nyheitene søndag for oppdatert status på denne saka.