Firda vidaregåande skule
Bilde av buss henta frå firda-billag.no

Bildet er henta frå firda-billag.no

Skuleskyss etter endra tiltaksnivå på vidaregåande skular

Regjeringa har innført nye nasjonale tiltak denne veka. Dette inneber rødt nivå for alle vidaregåande skuler frå og med torsdag 16.12 og inntil vidare fire veker fram i tid. I praksis betyr det at det blir tilrettelagt slik at omtrent halvparten av elevane vil ha digital undervisning og den andre halvparten får undervisning på skulen.

Dei nasjonale smittevernsråda og trafikklysmodellen gjev følgjande retningslinjer for transport og skoleskyss for elevar i vidaregåande skule:

  • Bruk av offentleg transport avgrensast der det er mogeleg, men elevar som er avhengig av skuleskyss kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skulen
  • Skuleelevar skal følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind.
  • Elevar skal ikkje reise med skuleskyss ved mistanke om smitte eller ved milde sjukdomssymptom

For elevar med tilrettelagt skuleskyss:

  • Det er påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør under drosjetransport. Elevar som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan nytte dette, er unntatt frå påbodet.