Firda vidaregåande skule
Bilde frå språkdag

Bilde frå språkdag

Språkdag

Tysdag 4. oktober markerer vi den europeiske språkdagen her på Firda. Det blir variert program i kantina med m.a. song på fleire språk, kortfilmar, Kahoot og mat frå ulike land. Vel møtt!

Tysdag 4.oktober kl. 12.30-14.40 har vi vår 5. markering av den europeiske språkdagen her på Firda. I år er det vg1- og vg2-elevane som er med, men viss lærarar vil ta med vg3-elevar så er de varmt velkomne! Viss du har høve- med el. utan elevar-, kan du gjerne møte opp i kantina og oppleve eit variert program med m.a. song på fleire språk, kortfilmar, Kahoot, makronar, kaker, tapas og veggaviser. Anders Fitje er konferansier. Med oss har vi ca 30 mindreårige asylsøkjarar frå Gloppen opplæringssenter. Vi får også treffe utvekslingseleven Elodie frå Australia. Be there!

Kvifor gjer vi dette? Europarådet har innført ein årleg språkdag i over 40 land for å minne om kor viktig det er at vi lærer språk og motivere til livslang språklæring.  Desto fleire språk vi kan, desto fleire kan vi kommunisere med.  Vi har og mykje nytte av å kjenne til det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa – og elles i verden.  

Tips ein ven Skriv ut