Firda vidaregåande skule
Bilde av elevar frå Firda vgs som møter skuleborn i Tanzania

Tanzaniaprosjektet

Torsdag 25.1 og fredag 26.1 er det Tanzaniadagar på Firda vgs. Les vidare og sjå Tanzania-filmen for å bli kjent med prosjektet.

Våren 2014 etablerte Firda vgs eit samarbeid med Aiducatius Foundation som er ein internasjonal organisasjon som samlar inn pengar for betre utdanning for born i fattige land. Firda vgs støttar skular i Tanzania gjennom sine innsamlingsaksjonar i løpet av skuleåret. Dette er fjerde året Firda vgs deltar i prosjektet.

 

Føremål

Firda vgs sitt alternativ til den kjende innsamlingsaksjonen «Operasjon Dagsverk» er å samle inn pengar til vår venskapsskule i Nzega-distriktet i Tanzania. Dette gjev elevane eit mykje meir personleg forhold til mottakarane av pengane dei samlar inn, samstundes som moglegheita for å sjå verknaden av midlane er mykje større.

Fredag 26. januar får elevane fri frå skulen for å arbeide til inntekt for dette prosjektet.

 

Tips ein ven Skriv ut