Firda vidaregåande skule
DSC05432

Temakveld for elevar og føresette på vg2 og vg3 den 17.9

Tema for kvelden er "Korleis vidareutvikle eit trygt og godt skule- og ungdomsmiljø i Gloppen"

I samarbeid med elevrådet ved skulen inviterer vi med dette til temakveld om skule- og ungdomsmiljøet i Gloppen. Tema for kvelden er: «korleis vidareutvikle trygt og godt skule- og ungdomsmiljø i Gloppen?»

Til temakvelden inviterer vi elevar og føresette for alle ungdommane som er elevar i vg2 og vg3 dette skuleåret.

Det vert innlegg frå elevar, politi, Gloppen psykisk helse og frå skulen. Etter innlegga vert det samtale i mindre grupper.

Temakvelden startar kl 18.30 i aulaen på Firda vgs. Vi reknar med å avslutte ca. kl. 20.30.

 

Vi håpar at du/de vil vere med og løfte dette viktige temaet i lag med oss her på skulen.

Tips ein ven Skriv ut