Utveksling med Kiel 2019

Tette, morosame og lærerike dagar i Kiel

Tyskklassen er på utveksling til Kiel denne veka. Her kan du lese ein liten statusrapporten frå gjengen.

Vi har no vore i kystbyen Kiel i over ei veke og har møtt vertselevane og deira familiar, andre elevar og lærarar på Käthe-Kollwitz-Schule, mange tyskarar og ei norsk handballstjerne.
 

Her er nokre glimt av det vi har lært og opplevd:

  • vind kan være ei større dagleg utfordring enn regn
  • syklistar kan ha eigne trafikklys
  • analog skulekvardag med lyskastar i alle klasserom kan fungere fint
  • tyske elevar er imponerande munnleg aktive i undervisninga
  • foreldre kan synge i koret til skulen sin musikal
  • Garip’s har byens beste «Döner» (kebab)
  • Sildrundstykke smakar betre enn forventa (eller…?)
  • «Ein dag utan å gå opp i eit tårn, er en dag uten mening» - sitat Jørgen
Utveksling til KielSommar i Kiel

 

Tips ein ven Skriv ut