Tidlegare elevar

 

Tidlegare elevar på danselinja seier dette:​

Ingrid JohansenIngrid Johansen, tidlegare elev ved danselinja
(2014 - 2017)

Danselinja på Firda har gjeve meg den grunnleggjande teknikken eg har trengt for å utvikle meg vidare innan dansen. Her fekk eg god oppfølgjing, og eg kjende meg såpass teken hand om at eg var trygg nok til å utforske kreativiteten min.

Eg er no halvvegs i ein bachelor i jazzdans med pedagogikk ved Norges Dansehøyskole. Eg er pedagog ved Vinderen Dansestudio, og planen er å halde fram med dansen og undervisninga så langt det går.

 


Tormod Skår Midtbø (2013-2016)

For meg var Firda første steg mot ei karriere som profesjonell dansekunstner.  Sjølv om eg hadde vore borti dans på fritida ved tidlegare anledningar, gav det meg eit heilt nytt perspektiv på kropp og bevegelse å gå på danselinja. Eg fekk eit solid danseteknisk grunnlag å arbeide utifrå, samt skapt rom for ei stadig større interesse for kompositorisk arbeid.

Danselinja er ikkje berre ein fysisk og inspirerande måte å tilegne seg studiekompetanse på, men mest av alt eit enormt ressurssterkt støtteapparat der lærarane er meir en villige til å overføre kompetanse til elevar som jobbar for det. Det er eg evig takknemlig for. 

I etterkant har eg gått eit år på Spin Off forstudium, for så å ha blitt tatt opp til bachelorstudiet i samtidsdans ved Statens Balletthøgskole - KHiO. Den siste tida har eg vore aktuell med Ingri Fiksdals Shadows Of Tomorrow, som spelast på blant anna Oslo Internasjonale Teaterfestival i mars. Sjølv har eg koreografert eit arbeid som blei vist på Riksscenen i september 2018.

Med støtte fra Tom Wilhelmsen Stiftelse vender eg snuten mot Los Angeles denne sommaren. Planen er å ta diverse klassar i urbane stilar på Milennium Dance Complex, samt dykke inn i Anouk Van Dijks «counter technique» - som eg vil forsøke å etablere i Norge når eg har kompetanse til det. Kanskje tar eg turen innom Firda der denne fantastiske reisa starta?

Tormod.jpg


Kristine.JPG

Foto: Kimo Enany

Kristina Høydal (2013-2016)

Før Firda hadde eg dansa litt på eit dansestudio heime i Måløy og sett litt dans på TV, men eg ante ikkje kva danseteknikk og dansekunst faktisk var. Lærarane på Firda gav meg eit innblikk i kva dans kunne vere og gjorde meg interessert. Eg fekk eit godt danseteknisk grunnlag.

Utan Firda hadde eg nok ikkje gitt dansen ein sjanse og eg er utruleg takknemlig for at lærarane såg og hjalp meg, både med dansen og i mitt personlege liv. Eg hadde ikkje vore her eg er i dag utan Firda og dei fantastiske danselærarane.

Etter Firda byrja eg på Follo Folkehøgskole på danselinja etter råd fra ei av danselærarane på Firda. Det angra eg ikkje på. Deretter gjekk eg eit år på Spin off Forstudium i dans. Det same året var eg med i danseprosjektet «FORESTILLINGEN» av Heidi Jessen og Anne Kathrine Fallmyr på Sentralen i Oslo.

No går eg første året mitt på Norges Dansehøyskole der eg tar ein bachelor i samtidsdans fordjuping med pedagogikk.

I skrivande stund har eg mest lyst til å halde på med den kreative delen av dansen, men er fortsatt glad i det tekniske. Eg tenkjer å halde på med dansen så lenge som det er mogleg.


Solveig Marie Endal Husevåg (2011-2014)

Danselinja på Firda VGs har hatt mykje å seie for kvar eg er i dag. Der fekk eg lære at gode resultat kom frå målretta arbeid, disiplin og ikkje minst samarbeid.

Etter vidaregåande flytta eg til Oslo og tok ein BA i jazz fordjupning med pedagogikk ved Norges Dansehøyskole (2014-2017). I åra etter har eg arbeidd som frilans dansar og dansepedagog.Solveig Husevåg

Til nyttår reiser eg til Hollywood i Los Angeles for å danse med, og lære av nokon av bransjens mest dyktige dansarar og pedagogar. Pedagogane på Firda lærte meg ikkje berre grunnleggjande danseteknikk og å formidle eit bodskap. Dei lærte meg å tørre å satse på det eg elska mest av alt, og det er eg ufatteleg takknemlig for no.

 


EEmilie Nyheimmilie Nyheim (2011-2014)

Danselinja på Firda gjorde at eg vart svært interessert i korleis kroppen hang saman og fungerte. Mine tre år på Sandane gjorde meg meir strukturert, samarbeidsvillig og gav ei oppleving av ekte danseglede. I etterkant av Firda har eg jobba som instruktør på C dansestudio og tatt utdanning innan fysioterapi.

I dag jobbar Emilie som turnusfysioterapeut i Bergen, i tillegg til å jobbe administrativt og som instruktør i C dansestudio. 

 


sindre portrett.jpgSindre Skarstein Fossmo (2009-2012)

Jeg begynte først på dramalinja, men skjønte fort i Rørsle-timene til Margot Sande at min plass var i dansesalene i Trivselshagen. På danselinja fikk jeg et tett bånd med både medelever og lærere, og jeg ble utfordret kreativt og faglig.

Jeg husker dansetimene som veldig givende, men også fysisk og psykisk krevende. Takket være dyktige lærere som evnet å se meg som både danser og person, lærte jeg mye mer enn bare plie’er og pas de bourrée’er. I dag bor jeg i Oslo og jobber som prosjektleder innen markedsføring og nettsideutvikling. Selv om det ikke ble danser av meg, ser jeg likevel tilbake på årene på Firda som de morsomste og mest verdifulle årene til nå, og bruker erfaringene fra danselinja hver dag"

 


SolvSolveigeig Smørdal Botn (2009-2012)

Danselinja på Firda vgs var tre fantastiske år - eg ville aldri vore foruten. Eg lærte grunnleggjande teknikk i ulike sjangrar, men like viktig lærte eg å gi slipp og la kreativiteten blomstre. Eg valgte å ikkje gå vidare med dans fordi interessa mi for IT og realfag blei større, og eg såg for meg jobbe som dataingeniør. No derimot jobbar eg som Salgskoordinator hjå Seaborn AS i Bergen og stortrivast! Ein veit aldri kvar ein ender opp - viktigaste er å gjere det ein likar!»

 


Del dette:

Tips ein ven Skriv ut