Tidlegare elevar

 

Tidlegare elevar på danselinja seier dette:​

Ingrid JohansenIngrid Johansen, tidlegare elev ved danselinja
(2014 - 2017)


Danselinja på Firda har gjeve meg den grunnleggjande teknikken eg har trengt for å utvikle meg danserisk og kreativt, og fått meg til å utforske mine grenser og vore med på å forme det som i dag er min eigen stil og danseform. Eg hadde dansa ein del før eg kom til Firda, men det var eit heilt nytt fokus på teknikk og skadeforebyggjing som møtte meg her, og eg er takksam for det nære forholdet ein fekk til pedagogane.

Det er ikkje før i ettertid at eg har innsett kva luksus det var å vere ei lita klasse med få mennesker under desse tre åra. Dette, saman med kompetansen til pedagogane, gjorde at eg kjende at ting heile tida vart tilrettelagt for kvar enkelt person, og eg kjende meg sett både i dansesalane og i gangane gjennom alle tre åra. 

Etter danselinja vende eg nasen mot Norges Dansehøyskole i Oslo, og etter tre år der kan eg endeleg kalle meg sjølv profesjonell dansekunstner og pedagog. Her har eg blant anna fått vere med på mange forestillingar og jobbe med anerkjende koreografar. Eg fekk også sjansen til å reise på utveksling til Stockholms Konstnärlega Högskola i nokre månader. Vidare har eg fått jobb som jazzpedagog på Lillehammer, og kjem elles til å jobbe som frilans danser.

 


Tormod Skår Midtbø (2013-2016)

For meg var Firda første steg mot ei karriere som profesjonell dansekunstner.  Sjølv om eg hadde vore borti dans på fritida ved tidlegare anledningar, gav det meg eit heilt nytt perspektiv på kropp og bevegelse å gå på danselinja. Eg fekk eit solid danseteknisk grunnlag å arbeide utifrå, samt skapt rom for ei stadig større interesse for kompositorisk arbeid.

Danselinja er ikkje berre ein fysisk og inspirerande måte å tilegne seg studiekompetanse på, men mest av alt eit enormt ressurssterkt støtteapparat der lærarane er meir en villige til å overføre kompetanse til elevar som jobbar for det. Det er eg evig takknemlig for. 

I etterkant har eg gått eit år på Spin Off forstudium, for så å ha blitt tatt opp til bachelorstudiet i samtidsdans ved Statens Balletthøgskole - KHiO. Den siste tida har eg vore aktuell med Ingri Fiksdals Shadows Of Tomorrow, som spelast på blant anna Oslo Internasjonale Teaterfestival i mars. Sjølv har eg koreografert eit arbeid som blei vist på Riksscenen i september 2018.

Med støtte fra Tom Wilhelmsen Stiftelse vender eg snuten mot Los Angeles denne sommaren. Planen er å ta diverse klassar i urbane stilar på Milennium Dance Complex, samt dykke inn i Anouk Van Dijks «counter technique» - som eg vil forsøke å etablere i Norge når eg har kompetanse til det. Kanskje tar eg turen innom Firda der denne fantastiske reisa starta?

Tormod.jpg


Kristine.JPG

Foto: Kimo Enany

Kristina Høydal (2013-2016)

Før Firda hadde eg dansa litt på eit dansestudio heime i Måløy og sett litt dans på TV, men eg ante ikkje kva danseteknikk og dansekunst faktisk var. Lærarane på Firda gav meg eit innblikk i kva dans kunne vere og gjorde meg interessert. Eg fekk eit godt danseteknisk grunnlag.

Utan Firda hadde eg nok ikkje gitt dansen ein sjanse og eg er utruleg takknemlig for at lærarane såg og hjalp meg, både med dansen og i mitt personlege liv. Eg hadde ikkje vore her eg er i dag utan Firda og dei fantastiske danselærarane.

Etter Firda byrja eg på Follo Folkehøgskole på danselinja etter råd fra ei av danselærarane på Firda. Det angra eg ikkje på. Deretter gjekk eg eit år på Spin off Forstudium i dans. Det same året var eg med i danseprosjektet «FORESTILLINGEN» av Heidi Jessen og Anne Kathrine Fallmyr på Sentralen i Oslo.

No går eg første året mitt på Norges Dansehøyskole der eg tar ein bachelor i samtidsdans fordjuping med pedagogikk.

I skrivande stund har eg mest lyst til å halde på med den kreative delen av dansen, men er fortsatt glad i det tekniske. Eg tenkjer å halde på med dansen så lenge som det er mogleg.


Solveig Marie Endal Husevåg (2011-2014)

Danselinja på Firda vidaregåande skule har hatt mykje å seie for kvar eg er i dag. Der fekk eg lære at gode resultat kom frå målretta arbeid, disiplin og ikkje minst samarbeid. Pedagogane på Firda vgs lærte meg ikkje berre danseteknikk, og det å formidle eit bodskap. Eg opplevde meg sett og utfordra, og det var i denne perioden eg verkeleg forstod at det var ei karriere innan dans eg ville ha.

Etter vidaregåande flytta eg til Oslo og tok ei bachelorgrad i jazz fordjupning med pedagogikk ved Norges Dansehøyskole i 2014-2017. I dei påfølgande åra har eg arbeidd som frilans dansar og pedagog ved ulike institusjonar. På grunn av tildeling av stipend frå Kulturrådet i 2018, vart det mogeleg for meg å trene dans i Los Angeles vinteren 2019.

No arbeider eg som dansepedagog ved Create vidaregåande skule på Lillehammer. I tillegg til dette tek eg mastergrad i Dansevitenskap ved NTNU i Trondheim. Eg er gründer og arrangør av Gloppen Danseveke, saman med Iselin Kvernevik. Dette er eit konsept som tilbyr dansekurs for barn og ungdom på Sandane i sommarferien.

Kva er det eg brenn for aller mest? Det er at barn og ungdom skal oppleve å ha ein stad der dei kan vere seg sjølve og bli sett som menneske, men også bli utfordra og vakse som dansarar. Difor meiner eg at Firda vgs er skulen å gå på

 


EEmilie Nyheimmilie Nyheim (2011-2014)

Danselinja på Firda gjorde at eg vart svært interessert i korleis kroppen hang saman og fungerte. Mine tre år på Sandane gjorde meg meir strukturert, samarbeidsvillig og gav ei oppleving av ekte danseglede. I etterkant av Firda har eg jobba som instruktør på C dansestudio og tatt utdanning innan fysioterapi.

I dag jobbar Emilie som turnusfysioterapeut i Bergen, i tillegg til å jobbe administrativt og som instruktør i C dansestudio. 

 


sindre portrett.jpgSindre Skarstein Fossmo (2009-2012)

Jeg begynte først på dramalinja, men skjønte fort i Rørsle-timene til Margot Sande at min plass var i dansesalene i Trivselshagen. På danselinja fikk jeg et tett bånd med både medelever og lærere, og jeg ble utfordret kreativt og faglig.

Jeg husker dansetimene som veldig givende, men også fysisk og psykisk krevende. Takket være dyktige lærere som evnet å se meg som både danser og person, lærte jeg mye mer enn bare plie’er og pas de bourrée’er. I dag bor jeg i Oslo og jobber som prosjektleder innen markedsføring og nettsideutvikling. Selv om det ikke ble danser av meg, ser jeg likevel tilbake på årene på Firda som de morsomste og mest verdifulle årene til nå, og bruker erfaringene fra danselinja hver dag"

 


SolvSolveigeig Smørdal Botn (2009-2012)

Danselinja på Firda vgs var tre fantastiske år - eg ville aldri vore foruten. Eg lærte grunnleggjande teknikk i ulike sjangrar, men like viktig lærte eg å gi slipp og la kreativiteten blomstre. Eg valgte å ikkje gå vidare med dans fordi interessa mi for IT og realfag blei større, og eg såg for meg jobbe som dataingeniør. No derimot jobbar eg som Salgskoordinator hjå Seaborn AS i Bergen og stortrivast! Ein veit aldri kvar ein ender opp - viktigaste er å gjere det ein likar!»