Tidlegare elevar

Tidlegare elevar på dramalina seier dette:

Fredrik Høstaker (2006-2009): 

Dramalinja på Firda har hatt alt å seie for kvar eg er i dag, der fekk eg den djupna eg søkte. Eg fekk stor friheit til å utforske sjølv i faget, og fekk heile tida god evaluering og rettleiing. Men det er ingen koselinje, for alt er basert på disiplin og samarbeid. Etter Firda begynte eg på Romerike folkehøyskole på teaterlinja, og så vidare til musikkteaterlinja på Bårdar Akademiet."   Fredrik jobbar i dag som skodespelar og tek i år mastergrad i teater ved Kunsthøgskolen i Oslo.


Anita Fylling (2006-2009): 

Eit av dei beste vala eg har gjort er å flytte frå Sogndal til Sandane, for å gå på dramalinja. I ettertid ser eg kor utruleg mykje eg har fått att for dei 3 åra ved fylkets beste vidaregåande skule. Eg er blitt ein tryggare og meir tolmodig person. Eg er blitt vand med å samarbeide tett og jobbe i team, og dette er noko eg dreg stor nytte av jobbsamanheng. Dramalinja har gjort meg trygg på meg sjølv og gjort meg til ein veldig ansvarsbevist person, fordi i dramaklassen var alle avhengige av at alle var tilstade fysisk og mentalt. Det blir eit unikt samhold når ein jobbar og studerar så tett saman, og nokre av mine beste venner har eg fått i blackboxen på Firda. Sandane er kjent for sitt gode og inkluderande hybelmiljø og det er ikkje utan grunn." 


Irlin Renate Engebø (2006-2009): 

Etter dramalina ved Firda starta eg å studere jus ved Universitetet i Oslo og Bond University i Australia. Dramalina har vore ein viktig faktor i studiet mitt, og kjem til å bli vel så viktig i arbeidslivet. Som jurist, advokat og dommar er det mange erfaringar frå dramautdanninga som er nyttige. På ein eller annan måte skal ein alltid fortelje ei historie. Kunnskap om korleis ein skal bygge opp ei historie og korleis ein bør legge fram ei sak er difor viktig. I tillegg blir ein bevisst på kroppsspråk og stemmebruk, noko som kan vere heilt avgjerande for ein jurist. Ein bør jo helst framstå som trygg og truverdig når ein skal stå føre ein dommar i retten, overbevise om kvifor ein har rett i forhandlingar, og når ein skal rådgje sine eigne klientar." 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven