Firda vidaregåande skule
Julestemning Firda vgs

Julestemning Firda vgs

Undervisningsopplegg på raudt nivå

Gode elevar, det har vore hektisk aktivitet med å legge om timeplanen for dei komande to vekene. Vi har eit sterkt ynskje om å få til mest mogeleg undervisning her på skulen. Den store forskjellen å drive skule på raudt nivå er avstand. På raudt nivå skal alle ha minst 1 meter avstand i alle situasjonar. Dette er krevjande, men det er viktig at kvar og ein av oss føl opp. Vi er ein del av det felles tiltaket som må til for å hindre smittespreiing. Elles gjeld dei andre tiltaka om hygiene og heime dersom ein er sjuk som før.

Det er vanskeleg å ha heimeskule i praktiske fag. Vi har difor prioritert fysisk frammøte i desse faga.Timeplan for resten av veka er lagt ut, men her kan det komme justeringar så føl med. Du vil kunne finne timeplanen for kvar enkelt klasse under Snarvegar  - Timeplan her på heimesida. Her. Vel tema Klasse og deretter den aktuelle klassa for å få opp oversikt.

Studieklassane skal møte på skulen på torsdag, dei andre dagane blir i utgongspunktet digitale. Dersom det er ynskjeleg å møte på skulen også dei dagane det ikkje er lagt opp til fysisk oppmøte, og heller gjennomføre digitale økter på skulen, skal vi prøve å få til dette. Ta kontakt med kontaktlærar for å gjere avtalar. 

Det er viktig at de held kontakt med faglærar og kontaktlærar. Dei vil orientere på Teams dersom det er endringar, og legg ut informasjon om kortid kvar enkelt klasse skal møte på skulen, informasjon om digitale økter og andre ting.