Firda vidaregåande skule
DSC05414

Undervisningsstillingar - Firda vgs

Vi har ledig vikariat i musikk, mediefag og idrettsfag. Sjå utlysningstekst under.

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 390 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.

Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for elevane våre. 

 

Lærar i musikk, 40% fast stilling frå  01.08.2019

Den som vert tilsett må kunne undervise i musikkteoretiske fag. Det er  ynskjeleg at den som vert tilsett har utdanning på masternivå

 

Lærar i mediefag, vikariat inntil 25% stilling 01.08.2019 – 31.07.2020

Den som vert tilsett må kunne undervise i den praktiske og teoretiske delen av faget Medie- og informasjonskunnskap 1 og 2

 

Lærar i idrettsfag, vikariat inntil 80% stilling 01.08.2019 – 31.07.2020

Den som vert tilsett må kunne undervise fag på utdanningsprogrammet idrett. Vi ynskjer særleg kompetanse innan: friluftsliv, klatring, volleyball og basistrening

 

Krav til kompetanse

Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og  gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.

 

Vi søkjer personar som:

  • Kan jobbe i team
  • Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
  • Arbeider sjølvstendig
  • Er kreativ og løysningsorientert


Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.

Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885

Tips ein ven Skriv ut