Firda vidaregåande skule
Sandvolleyball

Sandvolleyball

UngData-undersøking

I mars vert det gjennomført ei nasjonal levekårsundersøking for ungdom på dei vidaregåande skulene. Her finn du informasjon om UngData-undersøkinga.

På oppdrag frå Gloppen kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei spørje­undersøking blant ungdomane i kommunen. Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Gloppen kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Les meir på www.ungdata.no

Informasjonsbrev til føresatte finn du her: https://drive.google.com/file/d/0B8tRI2KxxO04M1VzYTc4azRLZXM/view?usp=sharing 

Tips ein ven Skriv ut