Hopp til hovedinnhold

Kombinasjonsklasse

Bilde av elevar frå kombinasjonsklassa

Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.

For skuleåret 2023/24 har Firda ikkje tilbod om kombinasjonsklasse pga. for få aktuelle kandidatar. Vi håper å få opp igjen tilbodet til neste år.

På Firda vgs samarbeider vi med Gloppen opplæringssenter om opplæring av elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn som treng litt meir grunnskuleutdanning før dei byrjar på vidaregåande opplæring.