Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Velkomen til Firda vidaregåande skule!

Praktisk informasjon for nye elevar

Vi er glad for at du er ein av dei som har søkt Firda vgs skuleåret 2021-2022, og vi vil ynskje deg hjarteleg velkomen hit til skulen. Her er ei lita orientering om skulen og nokre praktiske opplysningar for deg som ny elev.

Firda vgs har utdanningsprogram for studiespesialiserande, idrettsfag og musikk, dans, drama. I tillegg har skulen ei kombinasjonsklasse og vaksenopplæring for framandspråklege. Du finn informasjon om dei ulike utdanningsprogramma på skulen si heimeside www.firda.vgs.no . Skulen arbeider målretta for å gje elevane eit godt læringsmiljø, der verdiane dialog, ansvar, mangfald og meistring er grunnleggande element. Firda vgs har mottoet «meir enn ein skule». I dette ligg mellom anna at vi ønskjer å legge til rette for ein utvida læringsarena for elevane, og vi er opptatt av at elevane våre har det godt også etter skuletid. Om lag halvparten av elevane på Firda vgs er hybelbuarar. Gjennom Open skule-tilbodet vårt har vi ein sosial møteplass der hybelbuarar og heimebuande kan møtast også på kveldstid. Dette er ein viktig grunn til at skulen er kjent for eit godt sosialt miljø der alle er velkomen. Du kan lese meir om Open skule og alle aktivitetane vi legg opp til på heimesida vår.

Når du no har fått elevplass ved Firda vgs må vi ha ein del informasjon frå deg slik at vi kan sette saman klasser og faggrupper før skulestart. Så raskt som mogleg må du gå inn på heimesida vår, lese informasjonen til nye elevar og følgje dei instruksjonane som står der. Det er fleire skjema du må fylle ut, og det er viktig at du får gjort dette så raskt som mogleg og i god tid før skulestart. Du finn all informasjon på heimesida vår.

I tillegg har vi lagt ved avtale om bokutlån for gjennomlesing. Lenke til skjema for lån av læremiddel med digital signering, vil bli lagt ut tilgjengeleg 12.august. Denne må signerast digitalt av elev. For elevar under 18 år må også føresette signere.  Har du ikkje signert avtale, kan du ikkje låne lærebøker på biblioteket. 

Skulestart er måndag 16.august, kl 08.30. Fyrste samling er i Kultursalen.
Firda vgs inviterer også til Open skule søndag 15.august for nye elevar og føresette som vil nytte høvet til å sjå seg om på skulen. Leiinga ved skulen tek imot mellom kl 17.00 og 18.00 i kantina i Trivselshagen kulturbygg.

Hugseliste for nye elevar:

  • Logg deg inn på VIGO og svar JA på skuleplassen om du ikkje allereie har gjort det.
  • Har du krav på skuleskyss må du søke på skuleskyss.vlfk.no
  • Bestill elev-pc om du treng dette
  • Fyll inn alle skjemaer du skal
  • Signer digitalt på skjema for lån av læremiddel når denne blir lagt ut 12.august.

Vi ser fram til å møte alle nye og gamle elevar. Nyt sommarferien og gled deg til skulestart.

Velkommen til Firda vgs – meir enn ein skule

 

Hallgeir Hansen
Rektor Firda vgs

Samtykkeerklæring bilde og film

Avtale om lån av læremidlar

Open skule - skulestart 2021