Firda vidaregåande skule
DSC05420

Velkomen til nytt skuleår

Måndag 17.08 er vi i gang igjen med nytt skuleår her på Firda.

Det er stas å få lov til å ynskje alle vg1 elevar og nye vg2 og vg3 elevar hjarteleg velkomen til Firda. Vi gler oss og til nytt år i lag med alle de som har vore elevar på Firda i vg1 og vg2, og er klar for eit og to år til.

Vi har ein veldig spennande haust framfor oss. Det blir mykje nytt for mange, med fagfornying og nye læreplanar. Det blir og spennande å sjå korleis situasjonen rundt korona/Covid – 19 kjem til å utvikle seg i samfunnet vårt. Slik det er no så skal vi drive normal skule, med nokre justeringar. Dette får konsekvensar allereie frå fyrste skuledag. Det er tidlegare sendt ut brev om at alle skal møte i kultursalen måndag 17.08 kl 09.00. Dette har vi no endra på slik at elevar i vg1 møter i kultursalen måndag 17.08 kl 09.00. De som skal starte i vg2 og vg3 skal møte direkte i klasserommet, vg2 møter kl 09.30 og vg3 møter kl 10. Det vil stå oppslag på alle ytterdører kva klasserom de skal møte på.

Eg vil og minne på kor viktig det er at vi alle framleis er med på å hindre spreiing av smitte. Dei tre grunnpilarane gjeld framleis:

  1. Dersom du er sjuk, skal du halde deg heime
  2. God handhygiene – vask hendene ofte
  3. Hald avstand – minst 1 meter

Desse tre grunnpilarane kjem til å gjelde for samfunnet vårt i lang tid framover. Dei gjeld på skulen, i friminutta, på hybelen, på fest, på butikken, overalt i samfunnet. At vi tek dette på alvor kan bety at liv vert spart. Det vert meir informasjon om dette og mange andre tema når vi møtest i komande veke.

Vi gler oss no til å møte dykk og bli betre kjende. Ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne til eit innhaldsrikt og spennande skuleår.

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs