Firda vidaregåande skule
Firda vgs

Firda vgs

Velkomen til nytt skuleår

Praktisk informasjon om første skuledag.

Kjære elevar

Det er stor stas å kunne ynskje alle velkomen til nytt skuleår. Vi gler oss no til å komme i gang igjen med tilnærma vanleg skulekvardag. Meldinga pr. i dag er at vi skal starte på grønt nivå. Det vil sei at vi framleis skal vere heime dersom vi har symptom på luftvegssjukdom, vi skal forsette med fokus på hygiene og unngå klemming, handhelsing ++. Det er samstundes gledeleg at vi går mot normal kvardag i Noreg. Signala frå regjeringa er at vi mot slutten av september kan leve som før koronaen her i Noreg.

Her kjem informasjon om skulestart:

Måndag 16.08 møter alle vg1 elevar i kultursalen kl 08.30, 2 STA møter i klasserom A205 kl 08.30 (bokutlån). Alle vg2 elevar møter så i kultursalen kl 09.30, 3 STA møter i klasserom A201 Kl 09.30 (bokutlån). Alle vg3 elevar møter i kultursalen kl 10.30. For de som skal starte i vg1 vil dagen gå til å bli kjent på skulen, kjent med fag m.m. For vg2 og vg3 planlegg vi å starte med vanleg timeplan etter lunsj.

NB! alle må ta med seg PC.

Med dette ynskjer eg alle hjarteleg velkomne til nytt skuleår

Vi snakkast på måndag

Helsing Hallgeir