Nasegrevet

Nasegrevet

Velkommen til musikal

Årets musikal ved Musikk, dans, drama på Firda vidaregåande skule, er familieframsyninga «Nasegrevet»

Musikalen er skriven av Tor Åge Bringdværd og tek utgangspunkt i norske folkeeventyr og kjende figurar her ifrå. Hovudrolla i musikalen er Nasegrevet. Ho er ei ung, giftesjuk jente med ei litt brysam lang nase. Mest av alt ynskjer ho å bli elska for den ho er. Musikalen er i følgje Bringvæerd, eit glødande forsvar for stygge jenter og eit forsøk på å avslører Tyrihans som ein simpel karrierejegar som berre er ute etter rikdom og ære. Musikalen er morosam, har fengande musikk og ein tydeleg moral – og den passar like godt for liten og stor, ung som gammal!

Framsyningar:

Fredag 19.februar kl 18.00

Laurdag 20.februar kl 16.00

Billettar og informasjon finn de på Trivselshagen.no