Firda vidaregåande skule
Verda og vi 2017

Verda og vi 2017

Verda og vi: Harald Stanghelle

"Eit nytt Europa i emning: Frå forsoning til forvirring" 

Torsdag 30.3, kl 20.00 i Kultursalen

Harald Stanghelle er journalist og redaktør frå Stanghelle i Hordaland. Alt som 15-åring skreiv han for avisa Dagen, og han var assisterande presseoffiser ved FN-styrken i Libanon 1979-80.

Stanghelle har vore tilsett i mange av dei største avisene i Noreg. Han var journalist i Dag og Tid i to år før han kom til Arbeiderbladet i 1982, og på 90-talet var han sjefredaktør i Dagbladet.

Han er no tilsett i Aftenposten der han mellom 2000 og 2014 var politisk redaktør, og han er framleis med i avisleiinga. Han er også leiar i Norsk Redaktørforening og visepresident i Global Editors Network.

Stanghelle har vore ein profilert debattant og kommentator gjennom mange år. Han har motteke fleire prisar og utmerkingar for god journalistikk, mellom anna fekk han Den store journalistprisen i 2001 og Gullpennen i 2006. I mai 2016 vart han i ei større meiningsmåling kåra til den journalisten folk har mest tillit til her i landet.

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her

Du kan også kjøpe billettar ved Servicetorget på Søreide, eller i kafeen i Trivselshagen

Tips ein ven Skriv ut