Firda vidaregåande skule
Janne Haaland Matlary

Janne Haaland Matlary

Verda og vi - Janne Haaland Matlary

«Norge i en risikofylt verden – hva nå?»

Verda og vi inviterer til foredrag med Janne Haaland Matlary søndag 23. oktober 2016 kl. 20:00 i Trivselshagen

Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo, og spaltist i Aftenposten, Dagens Næringsliv og Fædrelandsvennen. Ho har i ei årrekkje halde foredrag innan ulike tema. Ekspertområda hennar er sikkerhets- og forsvarspolitikk, menneskerettar og offentleg diplomati.

Matlary var statssekretær i Utanriksdepartementet i sentrumsregjeringa, medlem av Forsvarspolitisk utval og 1. vararepresentant til Stortinget frå Oslo (2009 – 2013). 

Ho er medlem av den romersk-katolske kyrkja og rådgjevar for Det pavelege råd for rettferd og fred og Det pavelege råd for familien. Ho har også vore utanrikspolitisk rådgjevar for fyrsten av Liechtenstein.

 

Billettar: 

Kjøp billettar elektronisk her, eller kjøp direkte ved servicetorget på heradshuset.

Verda og vi - ein foredragsserie i seks delar

Tips ein ven Skriv ut