Firda vidaregåande skule
Bilde av NRK-journalist Knut Magnus Berge

Bilde av NRK-journalist Knut Magnus Berge

Verda og vi

Torsdag 29. sept kl 20.00 kjem Knut Magnus Berge frå NRK med foredraget "Slik NRK ser verda", som er fjerde foredraget i serien "Verda og vi". Berge vil ha spesielt fokus på presidentvalet i USA. Foredraget er opent for alle. Billettar frå du kjøpt via Trivselshagen.no.

Knut Magnus Berge: «Slik NRK ser verda»

Knut Magnus Berge vart fødd i Bergen og voks opp på Stranda. Tidleg på 1990-talet byrja han i NRK Dagsnytt og gjekk seinare over til politisk avdeling i Dagsrevyen. Frå 2005 var han NRKs korrespondent i Berlin. Det siste året har han arbeidd med Breivik-saka, hovudsakleg som kommentator. I 2012 fekk han årets språkpris frå Kringkastingsringen. Berge har utmerkt seg med eit tydeleg, levande språk og brukar eit godt og konsekvent nynorsk.

Foredraget vil handle om det foreståande presidentvalet i USA. Han vil også snakke om Ukraina og IS, og kjem inn på tankar om kor vanskeleg det er å forutsjå kva som vil/kan kome til å skje i verdspolitikken.

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her, eller kjøp direkte ved servicetorget i Trivselshagen

Verda og vi - ein foredragsserie i seks delar

Tips ein ven Skriv ut