Sigrid Losnegåard - vinnar av talekonkurranse 2019

Vinnar av talekonkurransen

På Firda har vi kåra Sigrid Losnegård som skulen sin vinnar av Ta ordet!-tevlinga. I Ta ordet! tevlar elevar i vidaregåande skule om å halde den beste talen. Ta ordet! gjer stemma til dei unge til ein sjølvsagt del av den offentlege samtalen. Den nasjonale taletevlinga gjev elevar sjølvtillit til å ytre seg og ei tru på at det dei har å seie er viktig, og at dei slik kan bli aktive medborgarar. Sigrid var ein av fem flinke talefinalister på Firda, og stakk til slutt av med sigeren. No skal ho vidare til taleverkstad i Bergen i oktober. Til lukke, Sigrid!

Tips ein ven Skriv ut