Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Har du behov for støtte og rådgjeving i forhold til val av fag eller vidare utdanning, eller strevar du med skulearbeidet? Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar for ein samtale.

Firda vgs har to rådgjevarar. Det er Tove Hanne Ommedal og Jørund Walseth.

  • Tove Hanne er rådgjevar for studiespesialiserande og idrettsklassane. I tillegg har ho ansvar for HUBen, vår utvida læringsarena.
    Du finn Tove Hanne på HUBen eller på kontoret i 1. etasje i Gamlebygget (rom A104).
  • Jørund er rådgjevar for musikk, dans, drama. Han har ansvar for karriererettleiing og livsmeistringsprogrammet.
    Du finn han i 2. etasje i C-bygget (rom C210).

Ta kontakt med rådgjevarane på Teams for å avtale time, eller stikk innom kontoret viss det er ledig.

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med rådgjevarane om det meste og kan få:

  • informasjon og råd om val av fag knytt til utdanningsprogrammet
  • informasjon og råd om yrke/vidare utdanning
  • råd og rettleiing når det vert vanskar i skulearbeidet
  • råd og støtte når det oppstår personlege eller sosiale vanskar
  • vere med å skape eit godt skulemiljø

 

Karriereknappene til Kompetanse Norge - verktøy for å jobbe med karriererettleiing

Karriererettleiing

På Firda vgs er både lærarar og elevar engasjert i karrierekompetanse. Les meir om korleis vi jobbar med å få heile skulen med på laget.

Livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring er eit av tre tverrfaglege tema som står i overordna del av læreplanen LK20, også kalla fagfornyinga.  Temaet folkehelse og livsmeistring skal gje elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gjev dei moglegheit til å ta ansvarlege livsval.

Aktuelle områder innafor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmidlar, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og meininga med livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine grenser, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet (udir.no).

Draumeskulen – livsmeistring i skulen

Draumeskulen er ein modell for å jobbe systematisk med psykososiale miljøet i ungdoms- og vidaregåande skular. Målet er å skape eit læringsmiljø kor elevane opplev tryggheit og inkludering, der dei får brukt ressursane sine, og kor den psykiske helsa til den enkelte elev vert fremma. Det er organisasjonen Voksne for barn som står bak Draumeskule-opplegget.

Jørund Leiv Walseth

rådgjevar
Jørund Walseth er rådgjevar ved Firda vgs

Tove Hanne Ommedal

Rådgjevar
Rådgjevar ved Firda vgs Tove Hanne Ommedal