Hopp til hovedinnhold

Gloppenmodellen 10 år

Deltakarar i feiringa av Gloppenmodellen samla rundt langbord

Hausten 2023 var det 10 år sidan vi starta opp med Gloppenmodellen og helsefagtilbodet på Firda vgs. 24. april 2024 vart dette markert med fagdag på Firda vgs og festmiddag på Gloppen Hotell.

Dagen vart starta med fagleg påfyll for noverande deltakarar, lærlingar og dei som er ferdig utdanna helsefagarbeidarar. Temaet var; Helsefagarbeidaren sin profesjon. Kvar er vi? Kvar skal vi? Vi håpa at dette kunne vere med å skape refleksjon over helsefagarbeidaren si rolle og forventninga som er til kvar enkelt; både gjennom utdanning, etter endt utdanning og i arbeidet. Etter fagdagen var det festmiddag på Gloppen Hotell med musikkinnslag og helsingar.

Modellen tilbyr yrkesopplæring for minoritetsspråklege, og kombinerar teori og praksis i opplæringa. Sidan oppstarten i 2013 har 98 personar delteke på utdanninga til å bli helsefagarbeidar. 43 av desse har teke fagbrev, 26 er i opplæring og 10 er i lære. Samarbeidet mellom skulen, Gloppen Kommune og NAV har vore ein av grunnpilarane i Gloppenmodellen.