Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Velkomen som elev ved Firda vidaregåande skule!
Her kan lese litt om fyrste skuledag ved Firda vgs, litt om skulekvardagen, utstyrsstipend, pc-ordning og skuleskyss.Helsesjukepleiar på Firda vgs
Britt Elin Fjellestad ( tlf 979 91 074 ) og Else Marie Aske ( tlf 979 91 073 ) vekslar på å vere her følgande dagar: tysdag kl 08.30 - 15.45 og torsdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00) Dei har kontor i kjellaren i B-blokka, i gangen ved IKT-avdelinga.Aktuelle saker
01.09.2025
Invitasjon til foreldremøte for vg1, vg2 og vg3
I kultursalen onsdag 10. september kl. 18.30.

25.08.2025
Bli-kjent tur til Nesholmen for vg1-klassene
Tysdag 26. august reiser alle vg1-klassen til Nesholmen leirstad der dei skal overnatte til onsdag 27. august.
