Eksamensgjennomføring

Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Firda vgs. Du finn også datoar for skriftleg eksamen,  praktiske opplysningar og informasjon om tilrettelegging ved eksamen.

Lokal eksamensplan

Her finn du eksamensdatoar for skriftleg eksamen ved Firda vgs vår 2022.

Praktiske opplysningar

  • Skriftleg eksamen våren 2022 blir offentleggjort 12. mai kl 09.00
  • Munnleg (M), munnleg-praktisk (MP) og praktisk (P) eksamen blir offentleggjort 48 timar før eksamensdagen
  • Skulen skal legge til rette for at melding om trekk blir tilgjengeleg for elevane
  • Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/lærebøker

Tilrettelegging

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging. 

Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å legge til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnsskap.

Søknad må sendast til rektor i Visma InSchool. Rektor avgjer om og korleis høva skal bli lagt til rette.

Eksamensansvarleg

Har du spørsmål om eksamen, ta kontakt med eksamensansvarleg

Charlotte Østebø Nilsen

avdelingsleiar