Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Gloppen folkebibliotek

Gloppen folkebiblioteket driv skulebiblioteket for Firda vgs. Du finn biblioteket i Trivselshagen, rett ved siden av kantina. Her kan du låne gratis læremiddel, i tillegg til faktabøker og skjønnlitteratur. Biblioteket har også eit stort utval av bøker, magasin, filmar og lydbøker. På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese. Vi har sittegrupper til gruppearbeid, og eigen lesesal dersom du vil fordjupe deg i fred og ro.

Opningstider

Skulebiblioteket er opne:

  • Måndag kl. 10.00 - 15.00
  • Tysdag kl. 10.00 - 18.00
  • Onsdag kl. 10.10 - 18.00
  • Torsdag kl. 10.00 - 18.00
  • Fredag: kl. 10.00 - 15.00

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker

Bibliotekaren

Bibliotekarane hjelper deg også med:

  • lesetips
  • relevante nettstader
  • bøker til skulearbeidet

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Les meir om kjeldebruk og referansestilar på kildekompasset.no

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker. Du som elev brukar Feide-pålogging for å låne E-bøker

Her finn du meir informasjon om skulebiblioteket.