Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Helsesjukepleiarane våre

På skulen vår har vi to helsesjukepleiarar som vekslar på å vere på skulen. Dette er Margot Gimmestad og Britt Elin Fjellestad.

Vi er på skulen tre dagar i veka:

  • Måndag kl. 08.30 - 12.00
  • Tysdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00)
  • Torsdag kl 08.30 - 15.45 (sommartid kl 15.00)

Kontoret vårt finn du i kjellaren i B-blokka, i gangen ved IKT-avdelinga. Du kan bestille deg time ved å ringe 979 91 074 (Britt Elin Fjellestad) eller 979 91 077 (Margot Gimmestad). Du kan også berre komme innom og sjå om vi er ledige.

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Helsestasjon for ungdom

Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta. Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med spørsmål om helse og trivsel.

  • Stad: Gloppen helsestasjon (2. etg. i det nye helsesenteret på Grandane, same bygg som Rema 1000)
  • Dag og tid: kvar måndag bortsett frå skuleferiar. Frå kl. 13.00, vi stenger kl. 15.45 (15.00 sommartid)
  • Fagpersonar: Lege og helsesjukepleiar
  • Det er ikkje timeavtale og tilbodet er gratis

Velkomen til helsestasjon for ungdom!

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der.

Målet med skulehelsetenesta

Formålet med skulehelsetenesta er å fremje elevane si totale helse og forebygge sjukdom og skade. I dette arbeidet vil helsesjukepleiar møte elevar både til einesamtaler og i grupper/klasser. I samarbeid med skulen vil helsesjukepleiar undervise om tema som hybelliv, russefeiring, samliv, prevensjon og korleis ein kan ta vare på si psykiske helse i ein stressa kvardag og i møte med store utfordringar og kriser.