Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Har du behov for støtte og rådgjeving i forhold til val av fag eller vidare utdanning, eller strevar du med skulearbeidet? Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar for ein samtale.

Firda vgs har to rådgjevarar. Det er Kariann Solhaug Russenes og Jørund Walseth. Kariann er rådgjevar for idrettsklassane og er i tillegg spes.ped koordinator for skulen. Ho har kontor i 1. etasje i Gamlebygget (rom A104).

Jørund er rådgjevar for musikk, dans, drama og studiespes. Han har i tillegg ansvar for karriererettleiing og livsmeistringsprogrammet. Du finn han i 2. etasje i C-bygget (rom C210).

Ta kontakt med rådgjevarane på Teams for å avtale time, eller stikk innom kontoret viss det er ledig.

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med rådgjevarane om det meste og kan få:

  • informasjon og råd om val av fag knytt til utdanningsprogrammet
  • informasjon og råd om yrke/vidare utdanning
  • råd og rettleiing når det vert vanskar i skulearbeidet
  • råd og støtte når det oppstår personlege eller sosiale vanskar
  • vere med å skape eit godt skulemiljø

 

Karriereknappene til Kompetanse Norge - verktøy for å jobbe med karriererettleiing

Karriererettleiing

På Firda vgs er både lærarar og elevar engasjert i karrierekompetanse. Les meir om korleis vi jobbar med å få heile skulen med på laget.

Livsmeistring

Firda vgs har utvikla eit livsmeistringsprogram som brukast inn som tverrfagleg tema inn i ulike fag. Her kan du lese meir om programmet.

Jørund Leiv Walseth

rådgjevar
Jørund Walseth er rådgjevar ved Firda vgs

Kariann Solhaug Russenes

undervisningsstilling