Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Kjemielev på studiespesialiserande

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

 

Kvifor velje studiespesialisering?

Studiespesialiserande utdanningsprogram legg eit solid grunnlag for vidare studier på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet. Her på Firda har ein bore fram mang ein person som har markert seg, både på Firda, i lokalsamfunnet og på landsbasis. No er det din tur til å sette dine spor. Firda vgs skal gje deg grunnlaget for å utnytte potensialet ditt.

Utdanningsprogrammet gjev det breiaste grunnlaget for vidare studier ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og programfag.

Generell studiekompetanse gjev grunnlag for opptak til dei fleste studier ved høgskular og universitet. For opptak til visse studium som t.d. lege, tannlege, veterinær eller ingeniør er det spesielle krav, med fordjuping i matematikk og/eller andre realfag.

Les meir om generell studiekompetanse og spesielle krav Samordna opptak.

Språk, samfunnsfag og økonomi

Språk, samfunnsfag og økonomi er eit stort programområde med mange ulike programfag. Firda vgs har lange tradisjonar for å fostre samfunnsmedvitne og engasjerte elevar. Her kan du få nyttig kunnskap som legg grunnlaget for ei djupare forståing av samfunnet og verda rundt deg. Du får òg verktøy til å delta aktivt i samfunnsdebatten og å påverke framtida.

Fordjuping Språk, samfunnsfag og økonomi

Realfag

Firda vgs har lange tradisjonar for å utdanne dyktige elevar i realfag. Vi skal ta vare på dei tradisjonane og samtidig vere nyskapande og utviklingsretta, slik at vi alltid kan gje våre elevar eit best muleg tilbod. Det er eit stort behov for realfagskompetanse i landet, og du har eit hav av mogelegheiter om du skaffar deg eit godt grunnlag innanfor realfaga.

Fordjuping realfag

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang med studieførebuande utdanningsprogram, får du studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag på vidaregåande, og på mange studiar er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og programfaga du har valt som avgjer om du får starte på det studiet du ynskjer.

Du finn meir informasjon om opptak til høgare utdanning på samordna opptak.

Klima- og mijøklassa på ekskursjon til breen i Fjærland

Klima og miljøfag

Er du interessert i klima og miljø? Då kan du fordjupe deg i dette som eit av programfaga på studiespesialisering. Firda vgs har utvikla eit eige programfag med fokus på klima- og miljø.