Hopp til hovedinnhold

Firda vgs har lange tradisjonar for å utdanne dyktige elevar i realfag. Vi skal ta vare på dei tradisjonane, men samtidig vere nyskapande og utviklingsretta, slik at vi alltid kan gje våre elevar eit best muleg tilbod. Det er eit stort behov for realfagskompetanse i landet, og du har eit hav av mogelegheiter om du skaffer deg eit godt grunnlag innanfor realfaga.

Programfag - realfag

På Firda vgs kan du velje mellom ei rekke fag og fagkombinasjonar. Det er ikkje mogeleg å tilby alle fag innanfor dette programområdet, men vi ønskjer å leggje til rette for at elevane skal få ta dei vala dei ønskjer. Ut ifrå elevønskjer og ressurssituasjon må vi ta atterhald om at det kan kome endringar. Her kan du lese meir om dei ulike programfaga. Alle programfaga har eit omfang på 5 timar i veke.


Tilleggspoeng for realfag

Elevar som vel realfag får tilleggspoeng. Ein kan maksimalt få 4 poeng over 2 år. Alle programfaga, som er på 5 t/v, gjev 0,5 realfagspoeng med unntak av Matematikk R2 og Fysikk 2 som gjev 1 poeng kvar.


Programfag matematikk R1 og R2

Med matematikk kan du finne samanhengar og utvikle matematiske modellar i naturfag. Til dømes kan du finne uttrykk for kor langt du dett i eit strikkhopp, og kor fort bakterietalet veks. Du lærer om vektorar som er «tal med retning», om kor lite sannsyn du har til å vinne i lotto og korleis du kan konstruere nøyaktige figurar. Du får innblikk i harmoniske svingingar som tidevatnet og daglengda, og kan finne areal under grafar og volumet av grafar «dreia rundt» midtaksen.

Matematikk på VG2 og VG3 er retta mot vidare studiar i matematikk og i andre fag der matematikk er ein viktig reiskap. Dersom du har ein utvikla logisk sans eller likar lovmessige samanhengar, vil matematikk vere midt i blinken for deg.

Meir informasjon finn du på vilbli.no


Programfag fysikk

Med fysikk kan du

  • Studere universets utvikling, svarte hol, kvasarar og andre spennande objekt.
  • Studere kvarkar og andre av naturens byggesteinar.
  • Utnytte solenergi og andre bærekraftige energikjelder, vi har nok energi det er berre eit spørsmål om å fange den.
  • Utvikle datamskiner og nanoteknologi.
  • Være med å bygge skyskraparar og andre store byggverk.

Fysikkfaget på VG2 og VG3 er ei fin blanding av teori og forsøk. Gjennom forsøka kan du teste ut om teoriane stemmer og du kan også lage dine eigne hypoteser. Fysikkfaget er også viktig for vidare studiar som krev spesiell studiekompetanse. Så som medisin, tannlege, arkitekt og ingeniør.

Meir informasjon finn du på vilbli.no


Programfag kjemi

Med kjemi kan du gjennom teori og forsøk forstå korleis t.d. vaskemiddel og antioksidantar verkar og er samansette. Du får innblikk i produksjonen av t.d. kunstgjødsel, nanomateriale, plast og metall, og skjønar kvifor nokre metall er edle, andre uedle. Ulike analysemetodar blir brukte og/eller forklarte, slik som pH-meter, NMR og felling, og du lærer kvifor noko reagerer fort, eksploderer, medan andre reaksjonar går seint, t.d. rustar. Du kan forstå innhaldslistene på tannkremen din og blir ikkje så lett å lure av tabloide oppslag i media. Kjemi er viktig for vidare studium, og du får ekstrapoeng for faga.

Meir informasjon finn du på vilbli.no


Programfag Biologi

Biologi 1 og Biologi 2 er dei mest avanserte og oppdaterte biologifaga i vidaregåande skule og gjev deg den største fordjupninga i korleis alt levande i naturen fungerer, både plantane, menneske og dei andre dyra. Du treng biologi dagleg for å for å kunne forstå naturen, og for å forstå og vurdere det som vert hevda i media. Du har stor nytte av biologifaga dersom du utdannar deg til å bli veterinærar, sjukepleiar, lege eller forskar innan fag som gjeld natur- miljø- og helse. 

Biologi 1

I dette faget lærer du om alle dei levande organismane i naturen, korleis dei er bygde og korleis dei fungerer. Du får moderne kunnskap om viktige sjukdomar. Du gjer laboratorieeksperiment på menneske og på ulike dyre- og planteartar. Du blir ekspert i å bruke mikroskop, og studerer indre organ. Om våren blir du med på eit tredagars feltarbeid til Runde på Sunnmøre, og lærer marin økologi og blir kjend med mange artar på land, i lufta og i havet

Biologi 2

I dette faget lærer du detaljane om korleis cellene fungerer, om biokjemien i cellene, og du får den mest moderne kunnskapen om økologi og miljø. Du gjer biokjemiske eksperiment og laboratorieeksperiment på menneske- og dyreceller, og du undersøker økologien til dyr og plantar i naturen. Om hausten blir du med på eit tredagars feltarbeid til Skei, og spesialiserer deg i økologi og kjemi / fysikk i ferskvatn. Du får lære å kjenne mange nye artar, særleg slike som lever i ferskvatn.

 Meir informasjon finn du på vilbli.no