Rettleiingstenesta

Rettleiingstenesta er ei teneste som skal hjelpe elevar, lærlingar og vaksne i vidaregåande opplæring.

Tenesta omfattar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter, og rettleiing i vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta skal samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter.

Ta kontakt med rettleiingstenesta som ligg nærast der du bur. Er du lærling eller lærebedrift må du ta kontakt med kontoret som ligg nærast bedrifta.

Les meir om Rettleiingstenesta her